Storfjordsambandet vil i den vidare dialogen med sine eigarkommunar, næringslivet, naboar og fylket anbefale å arbeide vidare med konsept 3, kryssinga av Storfjorden.
Analysane i KVU-en fortel at fjordkryssinga kan bli eit samfunnsøkonomisk lønnsamt prosjekt gjennom kostnadsoptimalisering, men at ein av dei viktigaste kostnadsdrivarane i løysinga som vurdert er seglingshøgda til skipspassasjen.
Store økonomiske ringverknader
Norconsult og Pure Logic seier at fjordkryssinga har størst måloppnåing av konsepta som er vurderte. Bygging av bru over Storfjorden er tiltaket som isolert sett gir størst reisetidsbesparing, høgast transportnytte og største økonomiske ringverknader.
– Det er klart at fjordkryssinga isolert sett gir betydeleg reisetidsinnsparing og transportnytte, og fører med seg store økonomiske ringverknader for samfunnet. Samla nytteeffekt av fjordkryssinga er i størrelsen 6-10 milliard kroner, og er dermed betydeleg. Vi oppfattar KVU-en som svært nøktern, og om vi hadde samanlikna oss med eit kvart liknande samferdselsprosjekt ville vi komne godt ut, seier dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet.
Konseptet som er lagt til grunn i KVU-analysen består av ei låg to-felts flytebru over Storfjorden med ein høgbru-del med ei seglingspassasje med om lag 50 meters seglingshøgde. Dette er estimert til ein kostnad på 8-12 milliard kroner.
– Den samfunnsøkonomiske nytta i konseptet er dermed mest sannsynleg negativ. For at prosjektet skal gi positivt netto nytte må kostnadane ned. Derfor vil vi jobbe vidare med problemstillingane og moglege løysingar i dialog med kommunane og næringslivet, legg han til.
Seglingshøgda er problemstillinga
Behova til næring og kommunar, og spesielt turistnæringa innover i fjorden, har lagt føringar i KVU-en på korleis ei bruløysing kan utformast. Det er eit krav, spesielt ifrå Stranda kommune og næringslivet der, om at også store skip må kunne passere i framtida for å ivareta interessene til cruise-/turist-, og andre næringar som er avhengige av ferdsel på fjorden.
I planlegginga av eksempelvis kryssinga av Bjørnafjorden i Vestland fylke, og Sulafjorden mellom Hareid og Sula, har Kystverket tidlegare kommunisert at seglingshøgder på 52 meter handterer alle fartøy, men dei siste årene har nyare cruiseskip nådd høgder på 72 meter, mellom anna MS «Iona» som vitjar Geirangerfjorden fleire gongar årleg.
Med slike føringar lagt til grunn kan ikkje Norconsult og Pure Logic anbefale å gå videre med utgreiing av fjordkryssinga, og dei anbefaler då 0-alternativet, altså dagens ferje og vegsystem. Dette har lågast kostnad og lågast forventa negativ nytte.
– Høgbrudelen er vesentleg dyrare enn lågbrudelen, og om det er spiseleg for både politikarane og næringsinteressene å gå ned på høgda på seglingspassasjen – for eksempel til litt over 30 meter, så er det i følge KVU-en mogleg å rekne prosjektet heim, seier Øyvind Olsen.
Krevjande balansegang
Storfjordsambandet har utfordra kommunane og næringslivet i Stranda, Sykkylven og Ålesund for å sjå om det er vilje og rom for å redusere bruhøgda.
Finnast det avbøtande tiltak og alternative verdikjeder for korleis cruisenæringa kan skape eit betydeleg, og om ikkje større lokalt verdipotensial ved at dei største skipa må laste om passasjerar lenger ut i fjordsystemet? Finnast det smarte og rimelegare løysingar i framtida som likevel gjer det mogleg for store skip å passere?
– KVU-en gir oss ikkje stort handlingsrom, og det vil bli ein krevjande balansegang mellom ulike interesser om Storfjordsambandet skal arbeide vidare med fjordkryssinga. Spesielt vil kostnadsdrivarane på fjordkryssinga og tilførselsvegar bli avgjerande for realismen i prosjektet, seier styreleiar Hans Petter Brunstad Sørensen i Storfjordsambandet.
– I ny Nasjonal transportplan (NTP 2025–2036) vrir regjeringa innsatsen i retning drift, utbetring og vedlikehald. Store kostbare vegprosjekt vert skuva på, for å frigjere handlingsrom til fleire og mindre prosjekt i heile landet. Samtidig vert kostbare jernbaneprosjekt prioritert i delar av landet med størst busetting, seier Brunstad Sørensen.
Han fortel at før Storfjordsambandet går vidare med prosjektet må prioriteringa av fjordkryssinga forankrast politisk i dei tre kommunane. Han legg til at førebelse samtaler med næringsliv og kommunar i Stranda, Sykkylven og Ålesund har vore positive med tanke på å satse vidare på å finne gode løysingar for fjordkryssinga, men då under føresetnad om å ivareta interessene til alle næringar i området.
– Med dagens framdrift på avgjersle om bygging av statlege og fylkeskommunale samferdselsprosjekt kan vi truleg ta tida til hjelp. Vi kan bli betre på prosjektmetodikk og planlegging her i Noreg. Dagens lovgiving og metodar bør ikkje være til hinder for framvekst av nyskapande, smarte og kostnadseffektive løysingar. Vi trur at framtidige tekniske løysingar kan tilfredsstille krava til seglingshøgde med ein realistisk kostnad, seier styreleiaren i Storfjordsambandet.
Ferja er eit dårleg alternativ
KVU-en slår fast at ei vidareføring av dagens vegnett, 0-alternativet, ikkje er gunstig for befolkningsutviklinga, bu- og arbeidsmarknaden- eller for å oppretthalde attraktiviteten næringslivet i Stranda og Sykkylven. Dagens vegnett er også eit hinder for vidare utvikling av Ålesund som bu- og arbeidsmarknadsregion sørover.
KVU-en seier også at om ein likevel vel ei vidareføring av dagens vegnett bør kommunane, næringsliv og innbyggarar saman vurdere korleis området kan ta grep for å oppretthalde og vidareføre dagens lokalsamfunn. 0-alternativet kan utbetrast gjennom ulike mindre tiltak, som gir auka nytte. Ein slik prosess kan bidra til å gi positive økonomiske ringverknader for 0-alternativet, seier KVU-en.
– 0-alternativet vert ikkje prioritert av Storfjordsambandet. Det er ei dårleg løysing som vi ikkje vil arbeide vidare med. Dagens vegnett svekker moglegheitene regionen har til å styrke konkurransekrafta i nasjonal samanheng seier Brunstad Sørensen.
– Utviklinga i folketalet er negativ både i Stranda kommune og Sykkylven kommune. Sykkylven har hatt ein liten vekst dei siste to åra. Dette kan forklarast med at Sykkylven har tatt imot ein større del flyktningar frå Ukraina enn Stranda. Begge kommunane vil i endå større grad enn i dag vere avhengig av innvandring for å dempe nedgangen i folketalet.
Han legg til at både Stranda og Sykkylven har ei demografisk utfordring i framtida.
– Denne framtida kan vi gå i møte med ei fjordkryssing. Ved å gjere kvardagsreisa kortare, raskare og meir føreseieleg, gjer ein også den fysiske og mentale avstanden mindre for heilt nødvendig arbeidskraft for næringane i Stranda, Sykkylven og Ålesund kommune.
Ventar med tilførselsvegane
Norconsult og Pure Logic fortel samtidig at analysane i KVU-en ikkje er like positive til dei to andre delprosjekta i Storfjordsambandet, nemleg tunnelen mellom Stranda og Sykkylven, og veg mellom Storfjorden og Digernes på Ålesundsida.
For tunnelen mellom Stranda og Sykkylven (konsept 1) er kostnadane for høge og trafikkgrunnlaget for lågt til at det kan anbefalast å jobbe vidare med i dag.
For veg og tunell mellom Digernes og Storfjorden på Ålesundsida (konsept 2) avhenger nytte for prosjektet i svært stor grad av kvar ei fjordkryssing kjem, og korleis omkringliggande vegar tilpassast. Norconsult og Pure Logic trur det vil vere naturleg å arbeide med dette som ein integrert del av fjordkryssinga når ein veit meir om kvar den kjem.
Kvar brua skal plasserast, og om det er aktuelt å forfølge ei strekning mellom Digernes og Storfjorden, eller om det er aktuelt med tunnelen mellom Sykkylven og Stranda, vil avhenge av fleire forhold, og vil eventuelt måtte planleggast, detaljerast og optimaliserast i seinare fasar av prosjektet.
Storfjordsambandet vil i det videre arbeidet prioritere å forankre behovet for fjordkryssinga, og utforske moglegheiter for å kostnadsoptimalisere konseptet:
1. Utfordre kommunane Stranda, Sykkylven og Ålesund om dei står bak behovet for fjordkryssinga
Næringsliv og kommunar i Stranda, Sykkylven og Ålesund er positive til å satse vidare på å finne gode løysingar for fjordkryssinga under føresetnad om å ivareta interessene til alle næringar i området. Dette må forankrast politisk i dei tre kommunane før ein går vidare med prosjektet.
Ei vidareføring av dagens vegnett, 0-alternativet, er ikkje gunstig for bu- eller arbeidsmarknaden- eller for næringslivet i Stranda og Sykkylven, og for å oppretthalde attraktiviteten av området. Dagens vegnett er også eit hinder for vidare utvikling av Ålesund som bu- og arbeidsmarknadsregion sørover. Dette svekker moglegheitene regionen har til å styrke konkurransekrafta i nasjonal samanheng.
2. Utforske / utfordre behovet og kravet om at store cruiseskip må kunne passere
Storfjordsambandet vil utfordre kommunar og næringsliv på å utforske avbøtande tiltak og alternative verdikjeder for korleis denne type næringar (cruise / reiseliv) kan skape eit betydeleg, og om ikkje større lokalt verdipotensial ved at dei største skipa må laste om passasjerar lenger ut i fjordsystemet.
3. Utforske / utfordre prosjektmetodikk og framtidige tekniske løysingar som kan tilfredsstille krav til seglingshøgde og ei realistisk samfunnsøkonomisk løysing
Uavhengig av anbefalingane i KVU-en trur Storfjordsambandet at det kan finnast prosjektmetodikk, tekniske og smarte løysingar i framtida som gjer det mogleg å krysse fjorden med ei tilfredsstillande seglingshøgde, til ein realistisk kostnad, og med ei realistisk finansiering. Med dagens framdrift på avgjersle om bygging av statlege og fylkeskommunale samferdselsprosjekt trur Storfjordsambandet at ein kan ta tida til hjelp.
Neste steg i 2024
Storfjordsambandet vil ta endeleg stilling til om prosjektet skal gå vidare med desse prioriteringane, og om Storfjordsambandet bør gå vidare med KS1 (jamfør fylket si prosedyre for prosess og kvalitetssikring av «sjølvfinansierande prosjekt) etter:
Konseptvalutgreiinga (KVU) for Storfjordsambandet. Last ned ferdig rapport
Konseptvalutgreiinga (KVU) for vegforbindelsar mellom kommunane Ålesund, Stranda og Sykkylven vurderer konsept for å etablere ein meir attraktiv og berekraftig region.
Rapporten er utarbeidd av Norconsult AS og Pure Logic AS på oppdrag frå Storfjordsambandet AS.
Utgreiinga skal gje grunnlag for val av konsept og rammeverk for vidare planlegging.
TIDLEGARE SAKER
Storfjordsambandet inviterer til eit nytt informasjons- og innspurtsmøte i konseptvalutgreiinga (KVU) den 7. desember 2023. Då vil Norconsult og Pure Logic presentere dei førebelse resultata av moglegheitsstudie, alternativ-analysane, og gi eit innblikk i drøfting og anbefaling.
Tidspunkt: 7. desember kl. 13:00 – 14:00
Stad: Digitalt – Teams
Korleis få møteinnkalling: send ein epost til dagleg_leiar@storfjordsambandet.no
Møtet vert tatt opp på video for vidare dokumentasjon.
Rapport konseptvalutgreiing (KVU) Last ned rapporten – kapittel 1 – 6
Storfjordsambandet har eit mål om å ferdigstille KVUen ut på nyåret, truleg i februar 2024.
Det er framleis mogleg å kome med innspel og spørsmål gjennom medverkingsportalen.
Førige innspurtsmøte
I det siste informasjons- og innspurtsmøtet den 16. november ga Storfjordsambandet ei statusoppdatering etter at situasjonsbeskriving, problem- og behovsanalyse, strategiske mål, og mål og krav no er landa i rapporten.
Opptak av møtet ser du her
Norconsult og Pure Logic fortalte kva dei har funne ut så langt, og korleis dei no jobbar no på oppløpssida.
Det vart streka under at KVU er ein metode som legg vekt på det «store bildet», ikkje på direkte eller nøyaktige linjeføringar for trasé eller tekniske løysningar. I KVU-en drøftast det om tiltaka som ligg i Storfjordsambandet er nokke å jobbe vidare med, om dei har livets rett, einskild og samla.
Kva skjer etter KVU-en
Som en del av orienteringa om framdrifta i sist møte vart det orientert om korleis KVU-prosessen er en del av Møre og Romsdal fylkeskommune si prosedyre for prosess og kvalitetssikring av sjølvfinansierande prosjekt.
Neste steg (etter KVU) er KS1 (ekstern kvalitetssikring av KVU-en), før samferdselsutvalet i fylket skal ta stilling til konseptval.
Detaljerte utgreiingar som arbeid med traséval (linjeføring for vegen), kommunedelplanar og reguleringsplanar vil eventuelt komme på et seinare tidspunkt etter vedtak om konseptval i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tidspunkt: 16. november kl. 13:00 – 14:00
Stad: Digitalt – Teams
Korleis få møteinnkalling: send ein epost til dagleg_leiar@storfjordsambandet.no!
No inviterer vi alle som vil til å bli med på oppløpssida i konseptvalutgreiinga (KVU) for Storfjordsambandet.
Fleire har kommentert innhaldet i KVU-rapporten så langt, både gjennom nettsida for medverking, i møter og på epost.
Storfjordsambandet har landa strategiske mål og krav for prosjektet, og Norconsult og Pure Logic har satt i gang analyse og evaluering av alternative konsept.
Vi er med andre ord i gang med innspurten, men det er framleis mogleg å kome med innspel og spørsmål fram mot målpasseringa ein gang ut på nyåret.
I det digitale informasjons- og innspurtsmøtet vil vi fortelje meir om kva Norconsult og Pure Logic har funne ut så langt, og korleis dei no arbeider med moglegheitsstudie, alternativ-analyse, samt drøfting og anbefaling.
Møtet, som altså er torsdag 16. november kl. 13:00 til 14:00, vert tatt opp på video for vidare dokumentasjon.
Rapporten er så langt skriven ferdig til situasjonsbeskriving, samt problem- og behovsanalyse (kapittel 1-4). Arbeidet med strategiske mål og krav er i sluttfasen etter at utkast til strategiske mål vart drøfta i opne arbeidsmøte i Stranda og i Ålesund i slutten av mai 2023 (kapittel 5-6).
I kommentarfelta i medverkingsportalen kan du bidra med innspel til KVU-prosessen. Innspel frå naboar, publikum og næringsliv i kommunane skal gi eit solid fundament for videre analyse og evaluering av alternative konsepta i dei påfølgande kapitla av KVUen.
KVU-prosessen er ganske overordna, og legg vekt på vurderingar på samfunnsnivå. Innspel på individnivå og tilpassingar knytt til enkelteigedommar vil kunne bli meir aktuelt i seinare fasar etter KVUen, som for eksempel under arbeid med kommunale reguleringsplanar.
Alle forslag blir lest, og signerer du med namn og epost vil vi kunne svare deg viss du har konkrete spørsmål til grunnlaget.
Vi kan dessverre ikkje love at alle får svar viss det blir mange innspel, men vi vil ta inn og oppdatere alt som er relevant og som høyrer heime i eit KVU-grunnlag.
Se gjerne regjeringa sine veiledarar for konseptvalutgreiingar
Referat og presentasjon ifrå arbeidsverkstad 2 i Ålesund og Stranda
Den 25. mai 2023 inviterte Storfjordsambandet til opne arbeidsmøte i Stranda og i Ålesund. Der orienterte dagleg leiar og representantar for Norconsult / Pure Logic om arbeidet med KVU (konseptvalutgreiing), og innhaldet i dette så langt.
I møta vart det brukt mest tid på utkast til strategiske mål, og på innspel ifrå dei som møtte på arbeidsverkstaden.
Presentasjonen ligg tilgjengeleg her.
Notat ifrå innspel til strategiske mål er markert på side 13 i presentasjonen.
KVU-rapporten så langt
Før møtet var arbeidet avgrensa til situasjonsbeskriving, samt problem- og behovsanalyse (kapittel 1-4).
Desse første kapitla i KVUen ligg tilgjengeleg her
Møtereferat ifrå arbeidsverkstad 2, 25. mai 2023:
Arbeidsverkstad 2, Stranda
Arbeidsverkstad 2, Ålesund
Møtereferat ifrå arbeidsverkstad 1, 21. november 2022:
Arbeidsverkstad 1, Ålesund
Rapport konseptvalutgreiing (KVU) i møtet (Last ned rapporten – kapittel 1 – 4)
Dagleg leiar og representantar for Norconsult / Pure Logic vil orientere om arbeidet med KVU (konseptvalutgreiing), og innhaldet i dette så langt. I møtet vil Storfjordsambandet invitere til innsyn og innspel til KVU-rapporten.
Konseptvalutgreiinga (KVU) for vegforbindelsar mellom Ålesund, Stranda og Sykkylven vurderer konsept for å etablere en meir attraktiv og berekraftig region. Rapporten utarbeidast av Norconsult og Pure Logic på oppdrag frå Storfjordsambandet.
Arbeidet er så langt i prosessen avgrensa til situasjonsbeskriving, samt problem- og behovsanalyse (kapittel 1-4). Dei første kapitla i KVUen gir ei oversikt over prosjektet sin bakgrunn og problemområde.
Utkast til strategiske mål og krav vert presentert, og etablerast i rapporten etter arbeidsverkstaden.
Hensikten med å dele informasjon på dette tidspunktet er å sikre gode innspel tidleg i prosessen slik at ein får tid til å ta inn forslag og viktige aspektar på ein enkel og god måte.
Dette skal gi eit solid fundament for videre analyse og evaluering av alternative konsepta i dei påfølgande kapitla av KVUen.
Vel møtt!
Frå venstre: dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet, Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad, Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug, Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, leiar Frode Andresen i komitéen for teknisk, miljø og samferdsel i Ålesund kommune, nestleiar Leif-Jarle Aure i styret for Storfjordsambandet og supply chain director Lars Wittemann i Ekornes ASA.
Informerer og inviterer til innspel om Storfjordsambandet
Storfjordsambandet har starta arbeidet med ei konseptvalutgreiing (KVU) for samferdselsprosjektet som strekkjer seg ifrå Stranda, via Sykkylven til Ålesund. No inviterer Storfjordsambandet til ei brei involvering på tvers av dei tre kommunane.
– For å kunne sikre ei god gjennomføring av konseptvalutgreiinga er prosjektet avhengig av lokal og regional forankring politisk, i næringslivet og blant folk som bur i området, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.
Storfjordsambandet er eit samferdselsprosjekt som arbeider for ferjefri kryssing av Storfjorden, og vil knytte innbyggarar i kommunane Stranda, Sykkylven, Ålesund og områda rundt tettare saman.
KVU-en skal mellom anna kartlegge og beskrive myndigheiter og andre interessegrupper sine behov og avdekke eventuelle interessekonfliktar.
– Med ein betre tilrettelagt infrastruktur for logistikk av varer inn- og ut av Ekornes, og med tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, vil det være lettare for oss i Ekornes å satse vidare på kompetansebygging, merkevarebygging og produksjon ifrå Sykkylven og på Grodås, seier Lars Wittemann, Supply Chain Director i Ekornes ASA.
Om Storfjordsambandet blir realisert vil det kunne ha verknad på fleire av dei eksisterande og planlagde samferdselsprosjekta i Ålesundsregionen trur Ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal.
– Ein ny hovudforbindelse mellom Storfjord og Digernes, vil potensielt skape eit meir attraktivt og mindre sårbart trafikk-område langs fjorden mellom Magerholm og Blindheim, og langs fjorden mellom Magerholm og Valle. Storfjordsambandet vil samtidig kunne ha ein positiv effekt på flaskehalsen mellom Blindheim og Breivika, seier ho.
Stranda og Sykkylven kommunar har vore betydelege bidragsytarar for å få fart på prosjektet dei siste åra. No har også Ålesund kommune satt Storfjordsambandet på agendaen.
– Konseptvalutgreiinga vil vere eit solid grunnlag for å gå vidare i fylket sin beslutningsprosess om samferdselsprosjektet skal realiserast. Derfor er vi svært nøgde med at Ålesund kommune og lokalt næringsliv på tvers av kommunane også engasjerer seg i prosjektet, seier Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven kommune.
– Storfjordsambandet vil knyte regionen tettare saman som ein enno meir attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. Ålesundsregionen har alt å vinne på ei løysing der ein kortar ned avstandane mellom eit mangfald av attraktive buområde og arbeidsplassar, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune.
– Behov for realisering av Storfjordsambandet er knytt til regional utvikling i form av styrka næringsutvikling, større bu- og arbeidsmarknad og betre transportløysingar for verksemdene, seier Randi Walderhaug Frisvoll som er nestleiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylket løyvde i april i år eit tilskott på 1,5 millionar kroner til vidare planlegging av Storfjordsambandet. Tilskottet nyttast til å delfinansiere og gjennomføre konseptvalutgreiinga for vegsambandet.
– Vi er glad for at kommunane og fylkeskommunen legg til rette for at politisk miljø, næringsliv og lokalbefolkning kan bidra i utgreiinga og planlegginga av samferdselsprosjektet, avsluttar dagleg leiar Øyvind Michael Olsen i Storfjordsambandet.
Om medverkingsprosessen
Storfjordsambandet har passert behovsfasen og beslutningspunkt B0 i jamfør Møre og Romsdal fylkeskommune sitt prinsipp og prosedyre for realisering av «sjølvfinansierande prosjekt».
I august 2022 sette Storfjordsambandet i verk konseptvalutgreiinga, og det er forventa at den vil bli gjennomført og avslutta innan utgangen av 2023.
KVU-en skal resultere i eit beslutningsgrunnlag der ein tydeleg skal kunne skilje kva konsept som i størst grad oppfyller dei mål som er satt. Dette er også eit nødvendig beslutningsgrunnlag for å kunne gjennomføre ein KS1 prosess, med påfølgande vedtak om konseptval i samferdselsutvalet (beslutningspunkt B1).
Som ein del av KVU-en vil Storfjordsambandet utføre en medverkingsprosess i dei direkte råka kommunane Stranda, Sykkylven og Ålesund, der nødvendige interessentar og instansar involverast.
I medverkingsprosessen skal mellom anna behov og målsettingar leggast fram, drøftast og forankrast. I KVU-en vil dette vere skriven som situasjonsbeskrivelse, problemanalyse, behovsanalyse, strategiske mål, og mål og krav for prosjektet. Dette vil leggast til grunn for den vidare KVU-prosessen.
Norconsult er leig inn som ekstern konsulent for gjennomføring av KVU-en i samarbeid med Storfjordsambandet. Dei bidreg som rådgjevarar i medverkingsprosessen, og er utførande i moglegheitstudien, alternativ-analyse, og til slutt drøfting og anbefaling med sluttdokumentasjon.
Om konseptvalutgreiinga (KVU)
Eit viktig aspekt i KVU er å definere målsettingar for prosjektet og dokumentere samfunnseffekten som vegprosjektet vil ha. Samt å belyse ulike traséval og deira effekt knytt til målsettingane. Storfjordsambandet har potensielt ein stor regional effekt da det koplar saman befolkningstunge områder med stor næringsaktivitet med ei ferjefri løysing. Prosjektet vil av den grunn kunne påverke samfunnsutviklinga i fleire kommunar og regionen som heilheit. I løpet av KVU-en vil det mellom anna vere viktig med god involvering av kommunane og andre aktørar med synspunkt på samfunnsutviklinga i regionen.
1) Ny tunnel mellom Engeset (Stranda) og Hole (Sykkylven). 2) Ny forbindelse mellom Storfjorden og Digernes i Ålesund kommune. 3) Bro over Storfjorden som avløser ferje i forbindelsen Magerholm – Ørsneset. Markeringene av Storfjordsambandet på kartet er kun til konseptuell illustrasjon, og viser ikke nøyaktige mulige traséer da disse ikke er ferdig utredet.
Om Storfjordsambandet
Storfjordsambandet som heilheit er å sjå på som eit ferjeavløysingsprosjekt. Storfjordsambandet vil fjerne ulempene med ferjer over Storfjorden, og vil knytte Stranda, Sykkylven, Ålesund og områda rundt tettare saman. Storfjordsambandet vil gi ein døgnopen region.
Dette vil påverke bu- og arbeidsmarknadsregionen i stor grad. Når reisande slepp å måtte berekne ekstra reisetid, venting og eventuelle avlyste ferjeavgangar endrar det haldningane til kvar ein vil bu, om ein vil pendle, og kva slags fritidstilbod ein vil nytte seg av. Storfjordsambandet vil styrke både bygd og by.
Dei aktuelle tiltaka langs fylkesveg 60 som inngår i vegprosjektet Storfjordsambandet er: 1) tunnel mellom Stranda og Sykkylven, 2) ny trase frå Storfjorden til Digernes, og 3) ferjefri kryssing av Storfjorden.
Norsk vareindustri og turistnæringa står sterkt på denne delen av Sunnmøre, og ei realisering av tiltaka vil bidra til å styrke deira rammevilkår, også med tanke på å tilfredsstille nasjonale og internasjonale berekraftsmål. Storfjordsambandet vil gjere fylkesveg 60 meir attraktiv og binde saman heile denne delen av Sunnmøre til ein stor felles bu-og arbeidsmarknad.
Dei overordna måla for realisering av tiltaka slik Storfjordsambandet ser det, er:
Storfjordsambandet er et samferdselsprosjekt som omfatter ferjefri kryssing av Storfjorden på Sunnmøre, samt tilknyttede vegprosjekt mellom kommunene Ålesund, Sykkylven og Stranda.
Bak prosjektet står selskapet Storfjordsambandet AS som er eid av 8 kommuner og en rekke næringslivsbedrifter. Siden oppstarten i 1987 har selskapet Storfjordsambandet AS levert en rekke utredninger og prosjektanalyser med ulike alternative tekniske løsninger og krysningssteder for Storfjorden.
Styret i Storfjordsambandet AS
Hans Petter Brunstad Sørensen, styreleder
Leif-Jarle Aure, nestleder
Anne Karin Watters, styremedlem
Kjell Haukeberg, styremedlem
Torill Ansnes, styremedlem
Einar Arve Nordang, varamedlem
Gunnhild Kvam, varamedlem
Anne Lise Lunde, varamedlem
Daglig ledelse og prosjektledelse
Øyvind Michael Olsen er rådgiver og partner i Doxacom, og har siden 2018 fungert som daglig leder på oppdragsbasis. Daglig leder arbeider i tett samarbeid med styret om strategiske spørsmål overfor administrativt og politisk miljø i det offentlige, næringslivskontakt, samt profilering av selskapets arbeid utad.
Besøkadresse:
c/o Doxacom
Norsk Maritimt Kompetansesenter,
Borgundvegen 340,
6009 Ålesund
Fakturaadresse:
Epost: storfjordsambandet@
faktura.poweroffice.net
Postadresse:
Storfjordsambandet AS
c/o AS Stette Data
Skodjevegen 353 A
6260 Skodje
Daglig leder:
Øyvind Michael Olsen
dagleg_leiar@storfjordsambandet.no
Telefon: 911 85 817
Styrets leder:
Hans Petter Brunstad Sørensen
Telefon: 995 36 2797
Epost: hansps@alpindata.no